Nasjonal prøve
Av Maria Tryti Vennerød
Ein skuleklasse skal ha prøve, Nasjonal prøve. På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men prøva må gå si gang for ein kvar pris. Det store uromomentet i klassen, Vidar, er tidligare utvist og flytta til naboskulen. Kan det vere han som står bak truslane? Teksten beskriv korleis eit lite samfunn blir rive i sund av frykt. Konkret frykt, men òg frykta for det som er annleis; det som ikkje passer inn. I løpet av stykket ser vi korleis fleire kan ha motiv for å øydelegge eit miljø som ikkje heilt har plass til enkeltindivida. Teksten leikar med forma. Med fundament i det gjenkjennelege, bryt historia ut av det realistisk avgrensa klasserommet.